Manglar skriftlege arbeidsavtalar

06.03.08 Er det vanlegaste brotet på arbeidsmiljølova. Om lag 460 verksemder braut lovkravet om skriftleg arbeidsavtale, viser Arbeidstilsynets tal for 2006. - Slike lovbrot skaper utrygge tilsetjingsvilkår og bryt difor med formålet til arbeidsmiljølova, seier Arbeidstilsynets direktør, Ingrid Finboe Svendsen.

Sist oppdatert

– Skriftleg arbeidsavtale er fundamentalt i alle tilsetjingar og er viktig for å sikre ryddige arbeidstilhøve for både arbeidstakar og arbeidsgjevar. Dette er eit av dei vanlegaste brot på arbeidsmiljølova, men burde vere enkelt å rette opp, seier Svendsen.

Det skal skrivast arbeidsavtale i alle arbeidsforhold. Dette gjeld uavhengig av om det er ei fast stilling eller ei mellombels tilsetjing, og uavhengig av kor lang tid arbeidsforholdet skal vare. Avtalen skal ta føre seg rettane og pliktene til arbeidsgjevar og arbeidstakar.

Eit vanleg tema for Arbeidstilsynets svarteneste
Manglande arbeidsavtaler er også eit vanleg tema for Arbeidstilsynets svarteneste. I 2006 fekk svartenesta om lag 4000 telefonar frå arbeidsgjevarar og arbeidstakarar som hadde problem knytta til manglande skriftlege arbeidsavtaler.
– Vi får mange telefonar frå både fortvilte arbeidstakarar og arbeidsgjevarar, fortel Grete T. Tjærandsen, rådgjevar i Arbeidstilsynets svarteneste.
Tjærandsen viser til at munnlege avtaler i utgangspunktet er like bindande som skriftlege, men vanskelege å få dokumentert. Det fører til at det kan oppstå usemje mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar.

Endra oppgåver under permisjon
– Mange ringjer av di arbeidsgjevar har endra arbeidsoppgåvene under fødselspermisjon eller utdanningspermisjon og overført arbeidsoppgåver til andre eller nytilsette. Konsekvensen blir at dei ikkje får kome tilbake til den same jobben dei søkte permisjon frå, seier rådgjevaren i Svartenesta.

Midlertidig kan bli fast utan skriftleg arbeidsavtale
Dersom arbeidsgjevar ikkje har skriftleg arbeidsavtale om tilsettingsforholdet med sluttdato, kan konsekvensen bli at rettsapparatet vurderer tilsetjingsforholdet som fast og ikkje midlertidig. Arbeidsgjevar må dokumentere at vilkåret for den midlertidige tilsetjinga er til stades, og at det er fastsatt i avtale med arbeidstakaren at tilsetjingsforholdet er av midlertidig karakter.

Kan ikkje gå på dagen
Mange arbeidstakarar trur i og med at dei ikkje har underteikna ein arbeidavtale, at dei kan gå på dagen ved oppseiing.
– Det kan dei ikkje i følgje arbeidsmiljølova som seier at dersom det ikkje er anna skriftleg nedfelt i avtale, gjeld ei gjensidig oppseiingstid på ein månad, fortel Tjærandsen.

Vanleg å trekkje tilbake stillingsprosent

Eit anna eksempel er at det ved tilsetjing blir avtalt ein stillingsstorleik munnleg, for så at arbeidsgjevar trekkjer tilbake arbeidstimar. Ganske ofte blir det gitt uttrykk for at arbeidsgjevar set ned timeantalet til ein arbeidstakar for å auke stillinga til ein annan arbeidstakar. Eller at dei har ein skriftleg avtale på ein liten prosent, medan den reelle arbeidstida er full stilling som vert avtalt frå dag til dag. Dette kan få konsekvensar ved sjukefråvær, sjukmelding og utbetaling av sjukepengar, der typisk arbeidsgjevar berre betaler løn etter avtalen.

Vanskelegare å innkreve løn
Ved uavklarte lønsvilkår og manglande lønsutbetaling vanskeleggjer dette innkrevjing frå arbeidstakar. Lønsvilkår er ikkje lovregulert i Norge, men er basert på avtale mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar eller ved ein tariffavtale.
– Mange ringjer oss grunna manglande utbetaling av løn. Anten kjem løna alt for seint eller uteblir totalt. I nokre tilfelle leverer ikkje arbeidsgjevaren lønslipp som skal vise kva arbeidstakar har fått i løn, kor mykje skatt som er betalt, eller kor stort feriepengegrunnlaget er. Slike årsaker er med på å vanskeleggjere innkrevjing av løn for arbeidstakaren, påpeiker rådgjevaren i Svartenesta.

Last ned standard arbeidsavtale på åtte språk
Arbeidstilsynet har utarbeidd ein standard arbeidsavtale som dekkjer dei krava regelverket stiller. Standard arbeidsavtale er oversett til ei rekkje språk, blant anna samisk, engelsk, polsk, latvisk, estisk, russisk og litauisk.

Ein kan laste ned arbeidsavtaler på:
www.arbeidstilsynet.no/arbeidsavtale

Kva skal arbeidsavtalen innehalde?

Innhaldet i arbeidsavtalen kan variere, men enkelte opplysningar skal ifølgje arbeidsmiljølova vere med. Arbeidsavtalen skal minimum gi opplysningar om følgjande:
-Partane sin identitet
-Arbeidsplassen
-Ei skildring av arbeidet, eller tittelen, stillinga eller arbeidskategorien til arbeidstakaren
-Tidspunktet då arbeidsforholdet vart starta
-Dersom arbeidsforholdet er mellombels; forventa lengd
-Arbeidstakaren sine rettar til ferie og feriepengar, og reglane for fastsetjing av ferietidspunktet
-Oppseiingsfristen til arbeidstakaren og arbeidsgivaren

Artikkelen er hentet fra arbeidstilsynet.no

Publisert i I fokus, Nytt fra Lederne