– Eg har ein god organisasjon som støttar meg

Lederne-medlemmet og lokalstyremedlem Ingvild Saure Riise jobber innen arbeid og inkludering, og er spesielt opptatt av å jobbe med ungdom som står utenfor skole og jobb. Vi tok en prat med henne om jobbhverdagen, ledelse og det å være organisert i Lederne.

Tekst
Redaksjonen
Foto
Privat
Dato

Fortell litt om deg selv!
Eg heiter Ingvild Saure Riise, er 44 år og bur i Hovdebygda; ei fin lita bygd på Sunnmøre. Akkurat no har eg ein spennande jobb som teamleiar i arbeids- og inkluderingsbedrifta Furene AS i Volda. Eg har vore medlem i Lederne sidan 2014, og er valgt styremedlem i avdeling Møre og Romsdal. Eg har utdanning som sjukepleiar, men har valgt å bygge vidare kompetanse innan blant anna leiing og personalutvikling, prosjektleiing og HMS.

Hva går jobben din ut på?
– Eg har ein veldig variert jobb der eg møter mange ulike arbeidssøkerar, arbeidsgiverar, og andre samarbeidspartar. Så har eg eit fantastisk godt team i lag med meg som bistår menneske med ulike utfordringar tilbake i arbeidslivet. Som i seg sjølv er svært variert. Ingen dagar er like.

Hvilke arbeidsoppgaver liker du best?
– Eg likar variasjonen av arbeidsoppgåver på arbeidsplassen min, men menneskemøta, å få det beste ut av den einskilde, det er den kjekkaste oppgåva.

Hva er de største utfordringene for din bransje fremover?
– Utfordringa er at nokre tenestene vi leverar i dag kan bli anbodsutsette, noko som vil ramme dei svakaste i samfunnet, det ser eg på som ei stor utfordring.

Hva gir det deg å være fagorganisert?
– Det å være fagorganisert gir meg tryggheit om at eg har ein god organsisasjon som støttar meg dersom det er behov for det. Det er godt å ha konkrete namn på blokka som du tek kontakt med om små eller store spørsmål.

Gjennom ulike fag- og temasamlingar, som eg meinar Lederne er veldig gode på, får eg møte leiarar på tvers av andre organisasjonar. Det gir meg nye perspektiv på korleis bli ein betre medarbeidar sjølv. Å få drøfte felles problemstillingar er veldig verdifullt, då eg opplev at vi ofte sit med same utfordringane sjølv om vi jobbar med heilt ulike oppgåver i arbeidskvardagen våra.

Hvorfor er du medlem av Lederne?
– Eg har gjennom kursa som eg har deltatt på møtt mange fine folk som delar raust av erfaringar og kunnskap. På den måten lærer eg også meir.

Hva brenner du for i arbeidshverdagen?
– Her kunne eg sagt mykje, men sidan eg må velje noko, så tenker eg det må være å ha det kjekt på jobb, det å være ein god kollega og støttespelar. Eg meinar at trivsel fremmjar smil og arbeidsglede, som igjen påverkar omgjevnadane og kjem fleire til gode. Og så er eg typen som ser muligheiter der andre kan sjå begrensingar.

Ditt beste råd til en ung kollega?
– Ikkje ver redd for å tråkke feil, vi gjer alle nokre feilvurderingar i løpet av arbeidslivet, og det er kanskje det vi lærer aller mest av. Våg å prøve!

Hvis det er en ting du kunne fått hjelp til å løse på arbeidsplassen, hva ville det ha vært?
– Etter å ha jobba med ungdom som står utanfor skule og arbeidsliv i prosjektet IUNG gjennom mange år, så er det korleis hjelpe dei unge som slit mest, til å kome seg i arbeid og aktivitet. Dei unge er framtida vår, og det er så mange flotte ungdommar der ute som treng noko å gå til.

Medlemsfordeler

Som medlem i Lederne får du trygghet i arbeidshverdagen, faglig utvikling og et stort nettverk. I tillegg får du lav boligrente, gode forsikringstilbud og andre rabatter.
Se alle dine medlemsfordeler